Skal fastlegen slutte å henvise til sjukehus?

Eit av hovedgrepa i samhandlingsreformen er at kommunene må betale ein del av kostnaden for innbyggarane sin bruk av sjukehusa. Dette gjeld 20 % av utgiftene til medisinske behandlingar, både innlegging og poliklinikk.

Fastlegane skal også etter samhandlingsreformen, ta vare både på pasientane sine og på god ressursutnytting i helsetenesta.

Fastlegane skal også etter samhandlingsreformen, ta vare både på pasientane sine og på god ressursutnytting i helsetenesta.Bilde: T. Sundar

Mange har vore redd for at dette skal bety at kommunene skal kunne nekte innbyggarane sjukehusbehandling - lage retningsliner for kven som skal få og kven som ikkje skal få.

Dette er ikkje rett. Det er fortsatt legar som skal henvise til sjukehus. Legane har både rett og plikt på seg til å henvise der dette er medisinsk nødvendig. Kommunene kan bidra med å legge til rette for nok legeheimlar til at fastlegane har tid til å gjere sjølv det dei er kompetente til, men kommunene kan ikkje bestemme kven legane skal henvise eller ikkje henvise.

Det betyr ikkje at alle som gjerne vil til spesialist, kan kreve å få henvising frå fastlegen sin. Det kviler eit ansvar på fastlegane å berre henvise der det er medisisnk nødvendig. Dette betyr at ein berre skal henvise der sjukehuset sin kompetanse er nødvendig for å stille rett diagnose eller gi rett behandling. Dersom sjukehuspoliklinikkane og avdelingane blir belasta med undersøkingar som ikkje er nødvendige og nyttige, så vil ventetidene auke og kapasiteten bli redusert for
dei som virkeleg treng sjukehuset sine tenester.

Fastlegane skal også etter samhandlingsreformen, ta vare både på pasientane sine og på god ressursutnytting i helsetenesta. Dei skal behandle det dei kan sjølv, henvise vidare det som trengs, og la vere å henvise det som ikkje treng spesialisthelseteneste.

NOT TRANSLATED: Captcha-imageNytt bilde